I medisinskapet: Mansour Saberi
NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.
Noreg har fått ein glitrande ny muslimhomokjendis på stjernehimmelen sin. Aldri har homoaktivisten kjend seg meir homo enn i dag. Og ikkje nok med det; farmasøyt er han òg. Dokumentar- og kjærleiksfilmen Gender me! om homofile muslimar hadde nyleg førpremiere på Vika Kino i hovudstaden. Kronprinsesse Mette-Marit var til stades. Det var sjølvsagt den iransk-norske hovudrolleinnehavaren, og altså farmasøyten, Mansour Saberi òg. Men mannen som dansa magedans på vorspielet hugsar ingen kven var.
– Kva har ei nyskoten homofilmstjerne i medisinskapet sitt, tru?
– No synest eg du overdriv stjernestatusen min ein smule, men la gå. Først og fremst har eg middel mot diaré. Eg reiser ein del, både gjennom jobben min som registreringssjef for Abbott og privat. Eg er nok innom Gardermoen 25 gongar i året. Så har eg smertestillande, fotsoppmiddel og førstehjelpsutstyr.
– Har du nokon gong handla legemiddel i utlandet?
– Ja, i Paris måtte eg skaffe meg Imodium mot diaré - igjen. Og i Mexico og Indonesia har eg kjøpt middel mot herpes.
- Kva var den siste pillen du tok?
- Vitamin C i dag tidleg. Kvar morgon tek eg ein vitamin C-pille og Möllers Dobbel.
– Har du ein favorittpille?
– Absolutt ikkje!
– Finst det eit legemiddel du vil advare mot?
– Nei, eg har eit godt forhold til legemiddel. Om dei vert brukt med omhu.
– Korleis skjuler filmstjerna identiteten sin på apoteket?
– Eg gjer det ikkje. Eg er open. Det er liksom det som er greia mi. Dessutan har eg tillit til at farmasøytane tek vare på teieplikta si på ein god måte.
– Kva tid kasta du eit legemiddel sist?
– For eit par månader sidan. Eg fann heilt uventa ei pakke med lusemiddel som var kjempegammal. Eg hadde kjøpt pakka for, ja gudane veit, ti år sidan, kanskje. Så eg kasta ho. I søpla.
– Har du ei lita pillehistorie på lur?
– Ein fyr kjem stormande inn på apoteket og er svært sint på apotekpersonalet. Katten hans nektar nemleg å ta legemiddelet han har fått. Farmasøyten undrar seg veldig over det og fortel mannen at den miksturen faktisk skal smake ganske godt. «Smake??» utbryt mannen forferda og vert svar skuldig.
– Katten hadde fått vaginalinfeksjon ...
(Publisert i NFT nr. 2/2008, s. 6)

Tips en venn