I medisinskapet: Hanne Lindbæk
NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.
Teaterøvingar for næringslivsfolk har blitt god butikk for skodespelar Hanne Lindbæk, kjend frå nasjonale scener og tv-seriar som Offshore og Hos Martin. Både legemiddelselskap og apotekkjeder har hatt nytte av hennar rollespel. Nyleg landa selskapet hennar, Ergo;ego, ein internasjonal avtale med Nycomed Pharma som ønskjer kursing av tilsette i fem land i tilleg til Noreg. Ved hjelp av kroppsspråk, stemmebruk og nervekontroll skal legemiddelkonsulentar lære å selje inn medikament til sjukehus verda rundt. På spansk. Polsk. Fransk. Italiensk. Tysk. Men kva med nervane til skodespelaren sjølv. Medisinerer ho dei kanskje vekk?
— Å nei! Eg er svært skeptisk til medisinbruk og har ein høg terskel for å ta jamvel enkle smertestillande, kvitrar ho via iPhonen sin frå Nord-Italia, der ho for tida kursar sentrale politikarar og viktige næringslivsfolk i kommunikasjon. Saman med retorikar Kjell Terje Ringdal.
— Eg kjem jo frå ein bransje med ganske sensitive menneske. Forsking har vist at folk i teaterbransjen har sterkare kjenslemessige svingingar enn gjennomsnittet. Og mange veljer nok å leve med desse svingingane heller enn å medisinere dei vekk, fortel ho og legg alvorleg til at det ligg eit slags offer i dette valet:
— For å kunne utøve yrket sitt på ein skikkeleg måte, rett og slett.
— Det er ganske sterkt, seier ho ettertenksamt.
Og Hanne Lindbæk legg, som scenekunstnarar flest, stor prestisje i å yte maks for jobben, uansett kor dårleg ålmenntilstanden måtte vere.
— Vi har eit fenomen vi på teateret kallar for doctor theatre; vi utøver yrket vårt uansett kor store smerter vi har. Prøv å snike deg inn bak scena etter ein praktfullt utført ballett, så skal eg love deg at du får sjå ein del såre lemmar og haltande ballerinaer!
— Sjølv hadde eg trena så mykje framfor ei premiere ein gong at eg hadde inflammasjon i begge beina. Eg klarte ikkje å strekkje dei ut. Klarte ikkje å gå i trapper. Men eg kom meg på scena og spelte stykket i full konsentrasjon – utan å leggje merke til smertene.
— Etterpå kom dei attende for fullt. Det er som om fokuset utløyser smertelindrande hormon eller noko.
— Du har med andre ord eit magert medisinskap?
— Ja, der har eg berre litt kosttilskot og enkle smertestillande. Og ein del plaster og isposar og liknande til sonen min som speler amerikansk fotball. For der kan det gå hardt for seg!
— Og når du er ute og reiser, blir det ein tur innom apoteket for å plukke opp godbitar vi ikkje har her heime?
— Nei, veit du, der er eg engsteleg altså. Når det gjeld netthandel også. Eg har derimot stor tillit til dei etablerte institusjonane i Noreg, sjølv om det kjennest litt mindre sikkert også på norske apotek no, etter dereguleringa.
— Vi likar gode pillehistorier her i spalta. Har DU ei på lur, skodespelar som du er?
Lang tenkjepause.
— Hm ... nei, eg har ikkje det altså ...
Lang, dvelande stillheit i telefonen før skodespelaren nervøst stiller spørsmålet ho mest av alt fryktar å få stadfesta.
— Uff, var eg kjedeleg no?
(Publisert i NFT nr. 5/2010 s. 36)

Tips en venn