Norsk Farmaceutisk Tidsskrift [picture]
Farmatid.no


NFT nr. 4/2012


 
Utgiver:
Norges Farmaceutiske Forening

NFT redigeres etter Redaktør-plakaten og
Vær Varsom-plakaten

Foto: Monica Bjermeland

Studine vert bestyrarinne

Profil: Mona Skogsrud

 

Det siste halvåret har ho stått mykje på laben for å sjå kva ei gammal folkemedisinplante frå Mali kan gjere med immunforsvaret vårt. Ho likar seg godt blant reagensrøyra og er ikkje framand for tanken om å forske meir. Men først vil ho innom det meir fartsfylte, sosiale - og godt betalande ­- apoteket. 

 

Forsking er morosamt og nyttig, men inneberer førebels litt for einsamt arbeid for Eidsvoll-jenta.
- Eg vil gjerne ha ein sosial og utfordrande kvardag no. Kanskje kan eg gå attende til universitetet og ta ein doktorgrad litt seinare, seier Skogsrud, som nyleg har funne at polysakkaridstrukturane til ei folkemedisinplante frå Mali kan ha god effekt på immunsystemet vårt og dermed kanskje gir grunnlag for eit nytt legemiddel.

 

Viktig arbeid, men Skogsrud let altså entusiasmen for kunnskapsgraveri vike for kontaktbehovet med andre menneske. Det valet er ho ikkje aleine om. Dei fleste på kullet hennar, nesten 40 i talet, tenkjer som ho og har latt seg lokke av apotekkjedene.
- Alle dei tre kjedene har ringt oss jamleg det siste året med informasjon om moglegheiter hos dei. Og den årlege turen til London, der dei presenterer seg sjølv og bransjen, har eg inntrykk av at studentane er veldig begeistra for, fortel ho.
- Ingen stiller spørsmål ved smørjinga?
- Nei, for eg trur ikkje det har ein ­direkte innverknad på valet av arbeidsstad. Enten ønskjer du variasjonen og det sosi­ale samværet apoteket kan tilby, eller ikkje.
- Dessutan er løn drivande og apoteket den klare lønsvinnaren.

 

Sjølv vart Skogsrud nærast headhunta til stillinga som bestyrar ved Alliance apotek Årvoll i samband med at ho kontakta kjeda for å finne ut meir om leiaraspirantskulen Alliance sett i gong no til hausten.
- Dette er eit toårig kurs blant anna i leiing, økonomistyring og tilsyn. Eg får kurset som ein del av jobben. Mange i kullet mitt let seg freiste av akkurat denne moglegheita hos Alliance, fortel ho.

 

Men den ferske farmasimasteren innbiller seg ikkje at jobben vert ei lett nøtt.
- Eg har berre éin annan farmasøyt fast saman med meg, i 50 prosent, og elles ein liten stab, så eg er budd på høgt arbeidstempo. Allereie under opplæringa kjende eg tyngden av alt eg må halde greie på no. Jobben blir ei utfordring, men om ein er litt tøff og trur på seg sjølv, så går det meste.
- Kva type farmasøyt ønskjer du å vere?
- Ein klinisk farmasøyt ute i apotek. Modig, tydeleg, imøtekommande overfor både legar og kundar, merksam på lege­middelrelaterte problem og å følgje concordanceprinsippet. Den farmasøyten rettleiaren min i Storbritannia, Valerie Septon, og ­seinare farmasøytane ved Frogner apotek har oppdrage meg til å vere, heilt enkelt.
- Alle farmasøytar burde vere meir klinisk orienterte. Vi skulle i mykje større grad enn i dag stå fram og seie: «Her er eg, og dette kan eg hjelpe deg med!». Det vil eg sterkt oppfordre kollegaene mine til å gjere.

 

Mona Skogsrud blei fryktelig fascinert av korleis haldninga i Storbritannia var til ­farmasifaget og farmasøytkompetansen.
- Eg hadde apotekpraksisen min i eit primærapotek i Brighton som deltok i det nasjonale pilotprosjektet «Take as direct­ed». Det vil seie at farmasøyten fekk ta ein mykje større del i planlegginga av behandlingsregimet, blant anna ved heimebesøk særleg til eldre kundar og ved å samarbeide tett med legane deira. Og pasientane, dei ringde farmasøyten sin, heller enn legen, for å spørje om legemiddelproblem.
- Problemet her i Noreg er at vi enno ser på apoteket som ein stad der vi berre hentar ut legemiddel. Vi er ikkje medvitne om at det finst høgt utdanna personell der som kan hjelpe oss å bli tryggare legemiddelbrukarar. Her har vi eit stort potensial! Eg håpar den nye masterutdanninga i ­klinisk farmasi, som startar hausten 2009, vil bidra til å rette på dette biletet.
- I praksisperioden min lærte eg mykje om kor viktig eksempelvis legemiddelgjennomgangar er for å auke forståinga for legemiddelbehandlinga du får og dermed også kvaliteten av ho, fortsett Skogsrud.
- I Brighton vart eg korrigert dersom eg nemnde ordet compliance. Concordance var det leiande synet på korleis vi skulle møte pasienten. Vi skulle samråde oss med han og gjerne undervise han.
- Men ikkje gje ordre.

 

(Publisert i NFT nr. 6/2008 s. 26-27)