I medisinskapet: Lene Alexandra Øien
NFT saumfarer kjendisar sine medisinskap.
Tidlegare i vår ønska ho det norske folk velkomen til Sillycone valley,
og til lesarar som enno ikkje kjenner henne, så er det altså ikkje
nærings- og forskingsklynga utanfor San Francisco den nyslåtte
musikkaristen siktar til på debutplata si. «Puppane mine er heilt ok»
syng ho i sin første singel som ho slapp i fjor. Her fortel den
tidlegare glamourmodellen kor lite glamorøs første turen til
silikonklinikken var.
- Kva gøymer du i medisinskapet ditt?
- Eg har ikkje medisinskap. Eg er sjeldan sjuk og dersom eg vert det, ringer eg foreldra mine. P-piller og smertestillande har eg sjølvsagt i veska mi.
- Har du handla medisin i utlandet eller på nettet?
- Nei, det tør eg ikkje!
- Kva pille tok du sist?
- P-pilla.
- Har du ei favorittpille?
- Norlevo ... Endeleg er det lov å angre, hihi.
- Finst det ei pille du vil åtvare mot?
- Dulcolax. Då eg var tenåring var eg desperat etter å slanke meg og blei råda til å ta desse tablettane av ein noko tilfeldig bekjent av meg. Eg syntest ikkje det heldt med berre éin sidan eg ikkje merka at dei fungerte med ein gong, så eg svelgte like godt eit heilt brett ... Det heile enda med eit langvarig toalettbesøk og eg vart innlagt på sjukehus. Anbefalast IKKJE.
- Korleis skjuler du identiteten din på apoteket?
- Dei som jobbar på apotek har jo teieplikt, så det ser eg ingen grunn til å gjere. Dessutan er eg berre eit vanleg menneske.
- Kva tid kasta du medisin sist - og kor?
- Eg oppbevarer jo som sagt svært lite med medisinar, men eg veit at dei skal innleverast på apotek for sortering og innsending til destruksjon, det vil seie forbrenning. Dette for å verne menneske og miljøet.
- Har du ei lita medisinhistorie på lur?
- Som kjend har eg jo «plastpuppar» og første gongen eg opererte, fekk eg så mykje narkose og smertestillande at eg vart heilt fjern. Eg stal med meg teppet til klinikken, prata visst ganske dirty til kirurgen, gjekk på snørra på badet og vakna med eitt dagen etter heime hos ein kompis - då med større puppar.
- Eg gløymer ikkje at eg blei pensla inn med sprit, låg i string, bunde som Jesus på korset, oppå eit bord og venta på å sovne att.
(Publisert i NFT nr. 5/2008, s. 6)

Tips en venn